Om Skjåk

Lengst vest i Ottadalen mellom Breheimen og Reinheimen, ligg nasjonalparkkommuna Skjåk.
Naturen er vakker og variert, med naturperler på rekkje og rad. Hovuddalføret er omkransa av høge fjell på båa kantar.
Storslege og vakkert er det over alt, og rundt 79 prosent av Skjåk kommune er nå verna i ei eller annan form.
Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romdsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Det er i denne flotte naturen at motbakkeløpet på ski, Krosshø UPP skal arrangerast.