Krosshø UPP 2011 er avlyst

Krosshø UPP måtte dessverre avlysast i år.
Mykje godt arbeid er gjort i planlegginga av arrangementet, så vi håpar å få sett ein dato for neste års løp så fort vi kan.

Velkomne til Krosshø UPP - 30. april

Det aller fyrste motbakkeløpet på ski i Skjåk, Krosshø UPP, vil gå av stabelen laurdag 30. april 2011.
Løpet vil starte ved botten av skiheisen på Grotli, med målgang på toppen av Krosshø.
Det blir delt opp i konkurranse- og trimklasse. Trimklassa vil vera open for alle.
Konkurranseklassa vil vera open frå og med aldersklassa 12/13 år. 
Set av datoen allereie i dag, og fylg med på denne sida for meir info om løpet.